Delvis sjukmeldt

22.04.2022

Ja da var det visst min tur til å bli pasient for ei stund. Eg har det siste året gradvis fått vondt i ei skulder og no er det såpass ille at eg har måtte be om 50% sjukmelding i ein periode framover. Det å vere kiropraktor er til tider ganske fysisk krevande. Det er mykje bruk av hender, armer og skuldre og det er ikkje alltid ein sjølv er like god på å kjenne etter og ta hensyn. Skuldra har nok blitt overbelasta over lengre tid. Det viser seg seg at eg har fått det ein på fagspråket kaller "peritendinitis calcarea" som enkelt kan kalles "kalkskulder". I mitt tilfelle har det danna seg fleire små, og noen litt større forkalkninger i skulderleddet, som igjen har skapt ein betennelsesreaksjon i senefester og i ein slimpose i skuldra. Og som no gir ein del værk og rett og slett nedsatt funksjon i skuldra. Eg vil prøve å jobbe redusert ein periode og sjå om det kan roe seg, samtidig som eg står i helsekø og venter på ei avklaring på mulige tiltak. Ei slik skulder kan avhjelpes på fleire måter og eg satser på at eg får god behandling og hurtig hjelp på det riktige stedet ;-) Ber derfor om forståelse for at eg tar færre pasienter og må jobbe litt annleis framover mot sommeren. Eg kan treffes på 93 61 82 22 (min mobil) evt 91 92 02 62 (klinikk mobil) dersom du trenger å få tak i meg.